
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Dikt frå Urd er blitt filmatiserte
Ein regnvåt torsdag i slutten av januar var eg på besøk hjå dei to tredjeklassane på Øystese gymnas og fekk sjå fem av dei fine kortfilmane dei har laga ut frå ulike dikt i Urd. Stor stas! På nettsida til Øystese gymnas kan du sjå filmane.
«Gå inn i di tid» – ein kveld i godt selskap
22. januar fekk Vigdis Hjorth, Brit Bildøen og eg besøke Litteraturhuset i Trondheim. Staseleg selskap på årets første oppdrag, altså. Temaet var «gå inn i tid» og
Den norske kirkes julekalender
Den norske kirke har ein fin julekalender i år – der dei har utfordra ulike norske forfattarar til å skrive ein tekst med utgangspunkt i juleevangeliet. Eg har skrive luke 12 – Maria fortel – som du kan lese her.
KOMANDE ARRANGEMENT
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond