
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Staseleg oppdrag i Sandefjord
Sundag 8. november hadde eg – saman med Øyvind Rimbereid, Håvard Rem, Margaret Skjelbreid, Levi Henriksen og Alf Kjetil Walgermo – æra av å lese i vakre Sandefjord kirke, til nydeleg musikk av fantastiske Tore Brunborg og Tord Gustavsen. Arrangementet var ein del av Litteraturuka i Vestfold.
Ruth Lillegraven
13. november 2015
Tiller på teater
Kven er redd er det første teaterstykket Carl Frode Tiller har skrive frå grunnen av. Oppsetninga har fått strålande kritikkar. Vel fortent, tenkjer eg – sjølv utan å ha sett stykket endå. Eg las nemleg manuset allereie i vår, og det var så bra, så bra. Her kan du lese …
Ruth Lillegraven
15. oktober 2015
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Forfattar Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni eigne bøker for vaksne og fem bøker for barn.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond