
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Gratulerer med 1-årsdagen, Winje Agency
Er så stolt av min dyktige utlandsagent, Gina Winje! I desse dagar i 2016 starta ho Winje Agency. Eitt år etterpå har ho fått ei rekkje nye forfattarar i stallen, akkurat seld ei bok om sopp og sorg til 6 land, har lansert ny nettside og er på veg til …
Sigd-dikt seint i september
PÅ BLÅHAVET (frå Sigd, 2016) det er haust i skogen snart er det vinter snart skal skogen sove så stille og svart men enno bølgjer og blafrar han, enno glitrar og glimer han enno glør og blør og brenn han
Utstillingen Verksuka på Bærums verk – opnar 5.oktober
Verksuka er ein fellesutstilling der kunstnarane, designarane og galleria på Bærums verk stiller ut saman i den gamle Gassbygningen. Utstillinga opnar 5.10 og strekkjer seg over tre langhelger. Her får du ein smakebit!
KOMANDE ARRANGEMENT
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond