
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Lansering av «Å lytte til hakkespetter»
18. oktober blei boka Å lytte til hakkespettter. Naturen som terapeut lansert i festsalen på Modum Bad. Sjølv har eg bidratt med 7 intervju til boka, blant anna med 5 tidlegare pasientar. Det har vore mange sterke historiar og mykje kjærleik til naturen. Her er TV Modum sitt innslag frålanseringa.
Verksuka 2016 på Bærums verk – veke 42
Fredag 14. oktober opna Verksuka på Bærums verk. I veke 42 byr kunstnarane, designarane og galleria på Bærums verk på ei stor kollektivutstilling i den historiske Gassbygningen. Også eg har fått lov å vere med – med bøkene mine og eit dikt på veggen. På det rikhaldige programmet står også opne verkstader, utandørsinstallasjonar …
Terningkast 5 til Sigd i VG
Etter ein nokså lang periode utan avismeldingar av Sigd, tikka det inn ei fin lita, melding signert Arne Hugo Stølan i VG. Sigd var ein av sju 2016-titlar han framheva. Terningen var trilla ti 5 – den fjerde i sitt slag til Sigd.
KOMANDE ARRANGEMENT
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond